Det var eit roleg årsmøte i ÅTIL i kveld. Da årsmøtesakene gjekk mot slutten, stod siste post att: Utdeling av prisar.
For idrettsåret 2017 er det særs gledeleg å dela ut denne prisen til to unge aktive i ÅTIL.
Emil Hillestad får prisen for at han alltid stiller opp når idrettslaget spør om hjelp. Han dømmer handball og fotball, er trenar på barneidrett (3. og 4. klasse), riggar hallen når det skal arrangerast minihandballturneringar og spelar aktivt på ÅTIL/Jotun sitt herrelag! Er ÅTIL sin representant i Årdal Ungdomsråd. Tusen tusen takk for framifrå innsats for ÅTIL i 2017!
Marita Ylvisåker Aaberg får prisen for sine sportslege prestasjonar i 2017.
Våren 2017 vart ho utteken til Regional talentsamling på Sotra Arena. Her var det igjen uttak til Sentral Talentsamling i Skien i august. Marita var da 1 av 8 jenter som vart utteken frå Region Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane). Vidare kvalifiserte Marita seg for RUM-samlingar, og sist men ikkje minst vart Marita utteken i troppen til Region Vest i by-lagsturneringa.
Me gratulerer med framifrå sportslege resultat! Stå på vidare!