Da er dugnadslista klar, og som tidlegare er dei som har aktive barn sett opp til å ta eit tak under MålRock.
For at ÅTIL skal klare å halde nede kostnadane på å delta på tilbodet som vert tilbydd av idrettslaget, må me vere med på dugnadar av denne storleiken.
Viss ikkje dagen de er oppsett passar, MÅ de sjølve skaffe/ordne med ein i erstattar eller byte innbyrdes. Alle endringar MÅ meldast, og i år skal meldinga gå til Linn Hege Lereng Einan, mobil 476 24 761
Følg med her, oppmøtetider vil bli publisert nærmare MålRockarrangementet.
Følg med på aatil.no – meldingar og endringar vert publisert her!
Målrock tilbyr kjøp av dagsbillett til deg som jobbar dugnad under årets festival. Dagsbilletten kostar kr 595,-. Billetten er i kohort FJELL, det er dessverre ikkje høve til å velje dette.
For å kjøpe dagsbillett går du til følgjande lenke: https://malrock.ticketco.events/no/nb/e/maalrock_2021
I feltet for promokode legg du inn følgande kode: MR21IL og trykker «bruk kode». Då får du adgang til å anten kjøpe dagsbillett til fredag eller laurdag. Merk at det er avgrensa tal billettar tilgjengeleg i desse kategoriane, og salet stenger mandag 2. august kl 23:59, slik at det er høve til å frigje billettane til ordinært sal til publikum. Dersom du ikkje møter på vakta di vert det etterfakturert eit mellomlegg på kr 700,-.
Ver obs på at alle som skal vere publikum på festivalen MÅ ha gyldig koronapass. Det betyr at du må minimum ha tatt første vaksinedose seinast 3 veker før festivalen, eller ta ein hurtigtest i forkant. Hurtigtestar er gratis. All praktisk informasjon om smittevern og opplegg knytt til årets festival blir sendt ut på e-post og offentleggjort tidleg i neste veke når alle detaljane er på plass.
Spørsmål om billettar elles kan rettast til Katrine i Målrock: katrine@malrock.no.
Målrock lovar òg refusjonsgaranti på kjøpte festivalpass/dagsbillettar viss festivalen mot alle odds vert avlyst!
Dugnadslista oppdatert per 29.07.2021
Når det gjeld gjennomføring og Covid-19 restriksjonar, vil me informera fortløpande om det me veit.
Per no er det lagt opp til 2 kohortar kvar kveld med maks 500 personar i kvar kohort. Målrock har planlagt gjennomføring av festivalen i tett dialog med smittevernoverlege og kommunalsjef i Årdal kommune. Task Force gruppa til Hydro skal/har Målrock òg hatt dialog med.