Friidrettsturne Øvre Årdal
09/06/2021

Bragdpris på Årsmøte for 2020

3 bragdprisar vart delt ut på ÅTIL sitt årsmøte for 2020.

Lisbeth Halvorsen og Kari Eivindsen Lysne får bragdpris for lang og tru teneste i skigruppa. Desse to har arrangert og stått for Åtil sin skileik på Seimsåsen i mange år, og er to verdige prismottakarar, melder skigruppa i si begrunning mellom anna.

Line Hals Kvanli får bragdpris for sitt engasjement i turngruppa. Da line starta oppatt denne gruppa i 2003, hadde den lege «nede» i mange år, og det var meir troppsgymnastikk som hadde vore aktiviteten tidlegare. Line har bygd opp gruppa sakte med sikkert til no å vere den gruppa med flest aktive utøvarar i ÅTIL.

Gratulerer så mykje alle tre – velfortent bragdpris!

 

Fv: Lisbeth Halvorsen og Kari Eivindsen Lysne
Line Hals Kvanli