Dugnadsliste MålRock 2021
24/06/2021

MÅLROCK ER AVLYST!

På Årdal kommune sine heimesider står følgande:

Per no er det testa nærmare 140 personar og det er totalt avdekka smitte på 11 nærkontakter med hurtigtest i Årdal. PCR-prøver er sendt til laboratorie i Førde. 

Personar som har vore på Tya bakeri i tidsrommet 2. august kl. 17.20 – 00.35 må følgje med og teste seg ved symptom.

Me minner om at alle som er definert som nærkontaktar skal vere i karantene i 10 dagar. 

Kriseleiinga ber om at innbyggarane no nyttar munnbind i situasjoner der det ikkje er mogleg å halde avstand, ver nøye med hygiene og hald avstand.

Arrangement
Situasjonen er uoversiktleg med venteleg fleire smitta i aldersgruppa 20-35 år. Me ser det som sannsynleg at vi har fleire smitteklynger som enno er uoppdaga. Om me får kontroll over situasjonen, vil det venteleg ikkje skje før om fleire dagar.
I denne situasjonen er Statsforvalter, FHI (folkehelseinstituttet) og kriseleiinga einige i at gjennomføring av arrangement som samlar folk kan innebere risiko for forverring av situasjonen og ukontrollert smittespreiing.

Årdal kommune oppmoder derfor alle som har arrangement den neste tida og som samlar folk, om å vurdere om dette skal gjennomførast. Me følgjer elles FHI sine anbefalingar og skjermer arrangement for barn og unge. 
Årdal kommune har oppmoda om å avlyse Målrock og Lerum cup i skyting og arrangørane har meldt tilbake at dei støtter dette. 

Kriseleiinga takkar alle som står i førstelinje no for framifrå innsats – desse jobbar hardt for innbyggarane våre.

Ny informasjon vert lagt ut når svar på prøver er klart.