Årsmøte i ÅTIL
12/03/2020
Bassengdugnad 2020
25/05/2020

Fjord til Fjell 2020 – pressemelding

AVLYST

På grunn av situasjonen med Covid-19 viruset og regjeringa sitt forbod mot store arrangement før 15. juni 2020, ser ÅTIL seg nøydd til å varsle at me ikkje kan stå som arrangør av Fjord til Fjell 2020.

Me hadde verkeleg sett fram til å kunna stå for arrangementet i år, får berre håpa at  i 2021 er me attende til normalen.

Når det gjeld Billotteriet vårt, vil me prøva å få til noko i løpet av 2020. Kan sjølvsagt ikkje lova noko før me veit meir om kva opphevingar/restriksjonar som vil koma no i april/mai.
Me vonar alle har forståing for dette.

Ellers så kan eg informera om at ÅTIL som idrettslag held seg framleis heilt i ro fram til idretten blir opna igjen i Noreg. ÅTIL forheld seg til sentrale retningslinjer fra Norges Idrettsforbund, og lokale instruksar for korleis handtere dette.
Årdal kommune har opna idrettsanlegga, men kun for aktivitet med maksimum 5 personar (inkudert voksenperson)

 

 

Hold dykk friske og raske so får me håpa at denna krisa snart er over.


Mvh
Leiar ÅTIL
Roy Bergerud