Avslutningsgåve til 3. og 4. klasse
16/04/2020
Årsmøte for 2019
04/06/2020

Bassengdugnad 2020

I år som før so tok me på oss dugnad med å vaske utebassenget på Årdalstangen. So kjekt at så mange møtte opp. Me holdt avstand til kvarandre og fikk allikavel vaska ganske so bra i bassenga. Ungdommen tok tak og skrubba det minste og mellomste bassenget og dei vaksne tok seg av  det største. Resultatet blei upåklageleg bra. Før har me hatt kakebakst, men pga Korona so valgte me i år å kjøpa inn twist og sjokolade i tillegg til brus. Greit å få blodsukker opp litt når ein skrubbar.  😉

Været var heilt enormt og humøret til alle var på topp.

Eg vil takka alle og einkvar som møtte opp og gjorde denne dugnaden so morosam og effektiv.

 

Mvh

Leiar ÅTIL
Roy Bergerud