Årsmøte 2018 med foreløpig sakliste
19/02/2018
Politiattest
09/04/2018

Utdeling av velfortente Innsatsprisar på årsmøte

Det var eit roleg årsmøte i ÅTIL i kveld. Da årsmøtesakene gjekk mot slutten, stod siste post att: Utdeling av prisar.

Leiar Roy Bergerud gratulerer Emil med prisen!

For idrettsåret 2017 er det særs gledeleg å dela ut denne prisen til to unge aktive i ÅTIL.
Emil Hillestad får prisen for at han alltid stiller opp når idrettslaget spør om hjelp. Han dømmer handball og fotball, er trenar på barneidrett (3. og 4. klasse), riggar hallen når det skal arrangerast minihandballturneringar og spelar aktivt på ÅTIL/Jotun sitt herrelag! Er ÅTIL sin representant i Årdal Ungdomsråd. Tusen tusen takk for framifrå innsats for ÅTIL i 2017!

Leiar Roy Bergerud gratulerer Marita med prisen!

 

Marita Ylvisåker Aaberg får prisen for sine sportslege prestasjonar i 2017.
Våren 2017 vart ho utteken til Regional talentsamling på Sotra Arena. Her var det igjen uttak til Sentral Talentsamling i Skien i august. Marita var da 1 av 8 jenter som vart utteken frå Region Vest (Hordaland og Sogn og Fjordane). Vidare kvalifiserte Marita seg for RUM-samlingar, og sist men ikkje minst vart Marita utteken i troppen til Region Vest i by-lagsturneringa.
Me gratulerer med framifrå sportslege resultat! Stå på vidare!