Oppsummering Fjord til Fjell 2017
08/06/2017
Dugnadsliste Målrock 2017 – NB! OPPDATERT 8. august for ÅTIL
23/06/2017

Klubbstemne i symjing

Symjegruppa i Jotun inviterer alle medlemmer av Jotun IL og Årdalstangen IL til uoffisiellt symjestemne i utebassenget i Øvre Årdal.

Stemnet er 17. juni, og det startar kl. 10:00.

Øvingane vert:
50 m. fri, bryst og rygg.
100 m. fri og bryst.
Stafett junior og senior.
Åpnar for lengre distansar om ynskjeleg.
Alder 4 klasse (symjedyktige) og oppover.

Påmelding innan fredag 16.06 kl:21.00, enten på FB: Symjegruppa eller på sms tlf. 41480886. gratis påmelding. Deltakarmedaljar.
Utfordrar dei ulike gruppene i klubbane til å stille med stafettlag!

Det vert sal av kaker, gjærbakst og saft.

Det er svært lenge sidan det har vore arrangert stemne i utebassenget, og me håpar mange vewrt med på dette.

Dette blir moro!

Rett etter stemne blir det sommaravslutning med grilling for Symjegruppa. Ta med grillmat, me ordnar grillen. Alle føresette er og velkomne!

Ingeborg Hjelle.