Billotteriet 2017 – her er vinnarane!
04/06/2017
Klubbstemne i symjing
14/06/2017

Oppsummering Fjord til Fjell 2017

dav

Hei

Da er årets Fjord til Fjell unnagjort.

Ei kjekk helg med mange kjekke folk som stod på for å få dette til. Vil gjerne takka alle som var med å bidra til at me også i år fekk ei vellukka helg. Dugnadsånda er sterk i ÅTIL, der me stort sett i min leiarperiode har  nesten 100% oppmøte. Under Fjord til Fjell so var me ikkje heilt der oppe, men igjen – takk for ein god innsats til alle medlemmar som var med og bidra.

Fredagen var været litt dårleg, men me solgte godt med pølser og hamburgarar fra grillenog . I tillegg solgte med fleire objekt på auksjonen vår. På kvelden prøvde me i år eit nytt konsept med grillbuffet. Talet på betalande var det samme som me har hatt med sjømatbuffet. Eg var i teltet og testa grillbuffeten, og det var veldig god mat Klingenberg hotell leverte ifra seg der. Køyrde også band under maten, som da spelte nokre rolige sangar. Det var utruleg kjekt. Seinare so spelte bandet opp til fest. Me brukte lokale yngre musikarar (Flugisane), og håpte med det å få dei yngre ut på dans. Dette lykkast me med og antall betalande var tilfredsstillande.

Lørdag hadde me oppgradert grillmenyen i vår bod til å også innholda Ole Inge sin berykta grilltallerken. I år som i fjor solgte dette som berre det. Me hadde live musikk fra «verdsmannen» (Ketil), Frida og Andreas. Dei var representantar fra Hugin. Me valgte å få til eit tett samarbeid med Hugin i år for å få opp litt lokale musikarar. Hugin tok utfordringa på strak arm og leverte både musikalske innslag og lyd denne dagen (og fredags kveld). Takk til Hugin for det.

Årets Tangen på kanten gikk som planlagt, og utan at eg har hugsa å prata med skigruppa verkar det som om dei hadde ein auke i deltakarar.

Årdal Amcar valgte å ikkje bli med oss under Fjord til Fjell, so me arrangerte biltreff sjølve. Var også så heldige at «Franske biler» med Michael Zerbst i spissen blei med oss. Kåre Bruhaug fikk samla mange flotte bilar og motorsyklar. På vegne av ÅTIL kjøpte han også inn premiar som vart delt ut til dei publikum tykte var dei finaste bilane. Kjempeflott utstilling og godt jobba av Kåre, Arne Harry og Michael med fleire.

Indre Sogn Bil stillte også opp og viste fram mange flotte Peugeotar som dei har til salgs. Flott av dei å stille opp år etter år. Det set me pris på. Det er også Indre Sogn Bil som leverar hovudpremien til billotteriet vårt. Og dei er so snille og låner ut ein bil so me kan syne fram når me sel lodd. Viktig for oss å ha slike flotte samarbeidspartnerar. Takk til Indre Sogn Bil.

På kvelden hadde me eit band fra Oslo, Funkytown med nokre lokale artistar på plakaten. I teltet var mange festglade årdøler og andre, allsangen runga i fjellsidene. Nesten so eg høyrer ekko enno. Kjempemoro!

Søndag starta dagen med «prøv deg som brannmann». Her fikk store og små kjenna på trykket med brannslange.

Dette var veldig populert for barna. Kjempemoro å sjå når dei lyser opp og vasstrålen står ut fjorden. Takk til Årdal kommune og Hydro Aluminium Årdal for lån av brannbil.

Turnoppvisninga vart dessverre avlyst pga dårleg vær. Skal ikkje mange regndråpar til før matta dei brukar blir altfor glatt. Valgte difor å avlyse av omsyn til tryggleiken til våre turnarar.

Bruktauksjonen vart holdt av brukthandel og aktivitetssenteret. Dei hadde med seg mang fine ting som dei da auksjonerte vekk. Kjempeflott av dei å komma til oss og holda ein auksjon.

Billotteriet vårt vart ein suksess med rett i overkant av 1500 solgte lodd. Hovudgevinsten var det Erik Kvanli som vann. Han var i Trondheim dermed var det mor som kom og tok imot gevinsten. Det morosamme er at i fjor var det også ein av hennar sønner som vann bilen. Det er berre å levera inn lottokupongen Line. ? Gratulerer til Erik Kvanli.

 

Ellers so hadde me mange som stilte opp med stand. Takk til alle dei som var med.

Me hadde også lokale fotografar som hadde framsyning av bilder der ein da hadde mogelegheit til å kjøpe bilder av dei. Eg var sjølv  å såg på bilda og gubbevaremegvel kor mange flotte bilder dei synte fram. Utruleg flinke karar.

Vil også trekka fram Årdal Mote som igjen drog med seg halve butikken ned til Tangen for å vera med oss. Dei holdt til på eit lokale litt ifra sentrum men eg håpar dei fikk synt fram og solgt masse kle denne helga. Takk til Årdal Mote for at di er med å bidrege på Fjord til Fjell.

Om eg har gløymt nokon so er det ikkje med vilje, so eg takkar derfor ei gong til ALLE som var med å bidrog under årets Fjord til fjell om det var dugnad, stand eller andre ting. Utan dikka so kan me ikkje arrangere Fjord til Fjell.

Dette er ei viktig inntektskilde for idrettslaget der pengane går tilbake til dei aktive.

Vil også takka Frank Eldegard/Kjelde for samarbeidet.

 

Aller sist so vil eg takka sponsorane våres. Dei er alltid med oss og sørger for at me har det me trenger og er ein viktig samarbeidspartnar.
Mvh

Roy Bergerud
Leiar ÅTIL
Tlf: 97162025