«Styrearbeid i praksis»
01/05/2022
Godt oppmøte på årets bassengdugnad
19/05/2022

Etter to år med pandemi var det kjekt å endeleg få invitere føresette og familie til oppvisning og sesongavslutning i lag med dei ivrige turnarane våre, der alderen varierer i frå 8-17 år.

Dei har øvd mykje siste tida og det var ein spent gjeng som viste seg fram for ei ganske så fullsett tribune. Dei fleste for aller fyrste gong med publikum, då me ikkje har fått gjennomført arrangement på fleire år. 

Føresette sytte for sal av kake og kaffi – 

god stemning og ei kjekk stund i Tangenhallen.

Trass i at sesongen har vore prega av restriksjonar og coronasmitte, fekk me etter jul gjennomført ei kjekk treningssamling i regi av turngruppa i Jotun og stilt to troppar til konkurransen i Øvre i mars. Me er svært stolte av turngruppa vår og ynskjer å få fleire med på slike tilstellingar. 

No tek turngruppa sommarferie, men me gledar oss allereie til å treffe nye og kjente turnarar igjen til hausten. Forhåpentligvis med ein restriksjonsfri tilværelse, der me vil jobba for deltaking på treningssamlingar, turnstevne og konkurransar.

Det blir gøy – takk for i år!