Torsdag 21.april var hovudstyret og leiarane i gruppestyra samla til kurskveld, «Styrearbeid i praksis» i lag med representantar frå Vestland Idrettskrets, Bodil Ryste og Erling Benjaminsen.
Her var lovnorm, årsmøte, styret og gruppestyra sitt ansvar og oppgåver tema.
I tillegg var orientering om økonomi, medlemssystem og ulike støtteordningar også ein del av kurset.
Ein informativ og lærerik kveld for dei frammøtte, der det vart synleg at klubben har gjort mykje rett dei siste åra, samstundes som me også har mykje godt arbeid framfor oss.
Eit nyetablert styret ser no i lag med gruppeleiarane fram mot aktive og innhaldsrike år etter pandemien!