Dag 2:
Etter ei (overraskande) god natt søvn, var jentene klare for ein ny dag på Vosscup.
Timeplanen for dagen var så og seia fylt til randen med frukost og litt shopping på føremiddagen.
Etter velbrukte timar var det på tide å vende tilbake til klasserommet og skru om til kampmodus.
Om det var shoppingen som gjorde susen er uvisst, men jentene leverte i lag med trenarteamet ein glitrande kamp mot Sædalen, der sluttresultatet vart 8-2 til Åtil.
Jentene visste eit samspel framover og bakover som me ikkje har sett makan til tidlegare, ref entusiastiske føresette på tribuna.
I jubelrus bar det vidare til Vossabadet for meir vatnleik og morro!
Endå var det mange timar igjen av dagen og etter litt taco og luftetur, svinsar og smådansar no dei kjekke jentene våre seg på ungdomsklubben Vossagryto.
Livets første disco, medan foreldre gruppa sukkar tungt og mimrar over svunnen tid.. 💛