Laurdag 7. desember var G2008 til Førde og spelte 2 kampar, og eg oppsummerar kampane kort:
Første kamp var mot Florø 4, som rundspelte oss i Årdalshallen første kamphelg . Det gjorde dei ikkje i laurdag, det var jamn kamp og me bytta på å leda. Gutane kjempa godt, og hadde god lagmoral. Alle hadde avslutningar på mål, bortsett fra Markus som redda mange av Florø sine avslutningar. Alt i alt ein god kamp, sjølv om me tapte 13-11. Kampen vart spelt på ei litt kortare bane grunna vasslekkasje.
Kamp 2 var mot Sandane, og me heldt fram det gode lagspelet. Forsvaret var og bedre i første omgang, me tok pause med 7-2 til oss. Denne omgangen vann me i forsvar! Andre omgang så prøvde gutane på flott kombinasjonsspel og litt fikse ting, som lykkast av og til – alle hadde avslutning også i denne kampen, og bakerst stod Markus nok ein god kamp. Sluttresultatet vart 13-9 til oss!
Gutane oppfører seg eksemplarisk på tur, og bussen var lett for meg å vaska i dag ????
Anne, Vibeke og Dag Rune