Lyktetur til Bjødnaholten
16/09/2019
Handballkampar for G11
09/12/2019

Me treng deg som bøssebærar 20. oktober

Tradisjonen tru så stiller medlemmane til ÅTIL opp som bøssebærarar under den årlege TV-aksjonen. 

Dette året manglar me bøssebærarar, og me håpar DU vil melde deg.
Bøsseberarane får kvar si rode og du må ha fylt 18 år for å kunne registrere deg som bøssebærer. Barn kan gå saman med vaksne.

Dersom de har høve til å vere bøsseberar, kan de melde dykk her:https://www.blimed.no/boessebaerer/

TV aksjon 2019 – CARE sitt arbeid for å skape eit bedre liv for kvinner  

På vegne av kommunestyret og komiteen til TV-aksjonen i Årdal, vil eg med dette invitere dykk til å støtta TV-aksjonen med eit økonomisk tilskot, samt vere med på dugnad som bøsseberarar for TV-aksjonen i Årdal søndag 20. oktober kl 16.00.

TV-aksjonen går i til CARE og deira arbeid for å skape eit bedre liv for kvinner i nokon av verdas mest sårbare område. Årets TV-aksjon rettar merksemd for å gje kvinner moglegheit til å tjene sine egne pengar, bestemme over egen kropp og få si stemme høyrt. Kvinner og barn vert hardast ramma av fattigdom, og kvinner har ikkje dei samme moglegheitene og rettigheitene som menn. I utviklingsland er kun ei av ti landeigarar kvinner, og 104 land har lover som forbyr kvinner å ta enskilde jobbar. Med årets TV-aksjon skal me gjere noko med dette, slik at kvinner får moglegheit til å skape et bedre liv for seg sjølv og sin familie. CARE skal gje minst 400 000 kvinner moglegheit til å starte si eiga bedrift, få eiga inntekt, starte eigne spare- og lånegrupper, og få ei stemme i politikken og i lokalsamfunnet.