Magne Knudsen, leiar i Åtil Ski skal sykla strekninga Sem – Lærdal. Dette gjer han saman med Rune Solheim (som Magne er onkel til frå Lærdal) som skal springa same distanse. Distansen er rundt 331-332 km, og planen er at det skal skje allerede førstkomande helg.
Han skal fungera som støtteapparat og motivator på turen som nevøen Rune bestemte seg for å gjennomføra då favorittlaget hans, Tottenham Hotspurs, enda på fjerdeplass i årets Premier League.
Magne skal sykla på kona Judith sin el-sykkel, og har bokstaveleg tala lada batteria siste vekene.
Du kan lesa alt om kvifor dette kom i stand på sognavis.no
Bilde er henta fra Sogn Avis, og fotograf er Hanne Stedje
ÅTIL har valgt å støtta dette krafttaket med NOK 1.000,- og oppmodar andre lag og organisasjonar om å gjere det samme. Aktiv mot kreft har ei eiga side der du kan bidra og følga med på kor mykje som er innsamla:
https://innsamling.aktivmotkreft.no/sportevent/16-1295
elles er det òg mogleg å vippsa til 10191.