Selde vinnarloddet til seg sjølv – vann splitter ny bil
10/06/2019
ÅTIL støttar krafttak
04/07/2019

Dunadsliste MålRock 2019 – oppdatert 7. august!

Ein av dei viktigaste dugnadene for ÅTIL og Årdal som samfunn er Målrock dugnad. Det gir kjærkomne pengar i kassa som i løpet av året skal vera med og halde eigenandelar og kostnader elles i idrettslaget nede på eit nivå som gjer det til eit attraktivt tilbod til alle.
Vedlagt legg me ut dugnadslista. Me ber om at den enkelte syter for at dersom han-/eller hennar si vakt ikkje passar, må ein finne erstattar sjølv. Koordinator for målrocken kan ikkje sitje og administrere alle endringar. Men ho vil ha melding om endringar som skjer, slik at listene til ei kvar tid stemmer. Koordinator for ÅTIL er Beate Bjørvik – mobil 482 91 596 eller epost nestleiar@aatil.no
Denne dugnaden er eit samarbeid me har saman med Jotun Fotball.

Gjer og merksam på at det kan komma oppdateringar på klokkeslett og andre endringar på lista, så sjekk denne ofte!

Dugnad Målrock 2019-oppdatert7august