Seimsdalstunellen
29/03/2021
Friidrettsturne Øvre Årdal
09/06/2021

Asbjørn Moheim til minne: Sterke meiningar og stort engasjement

ÅRDALSTANGEN STADION: Som banemeister i Årdal kommune var Asbjørn bokstavleg talt på bana både seint og tidleg. Den dag i dag er grasmatta han passa så godt på ei av dei aller, aller flottaste Sogn og Fjordane har sett.

Det er med sorg me har motteke den triste bodskapen om at Asbjørn Moheim har gått bort, 89 år gamal. Med det har laget for alle mista ei av sine aller største drivkrefter gjennom tidene, ein æresmedlem og ei eldsjel det ikkje lenger finst mange att av. 

Asbjørn var medlem i Jotun i nokre år etter at han kom til bygda på byrjinga av 50-talet, og vart krinsmeister for klubben fleire gonger, mellom anna i 1952, på 100 meter og i lengde.

Han var ein særs habil løpar og var mellom anna ein fast del av det frykta stafettmiljøet som blømde i Øvre på den tida, omtrent samstundes som løpebana på Jotun stadion vart ferdigstilt. 

STAFFETTKONGEN: Asbjørn var ein særs habil løpar i yngre dagar og var ein del av det frykta staffettmiljøet til IL Jotun tidleg på 50-talet. Han vart også kretsmeister på 100 meter og i lengde for Jotun. (Foto: privat)

Då Asbjørn og Brita flytta på Tangen mot slutten av 50-talet, vart han raskt ein pådrivar for idretten der.  
Det var den gongen laget framleis gjekk under namnet Tangen idrettslag og det skjedde mykje rundt skuleplassen og idrettsbana på Vollane då grusbana og seinare grasbana og løpebana vart etablert. Idrettslaget hadde ei litt anna organisering den gongen, det var langt fleire born og unge – og mykje lågare terskel for å driva med allsidig idrett.

Det har Asbjørn saman med Edmund Hæreid ein stor, stor del av æra for. 
Asbjørn og Edmund såg at dersom dei skulle greie å rekruttera fleire medlemmer til idrettslaget, måtte dei satsa på born og unge. 

Dei som vaks opp på Tangen på denne tida hugsar sjølvsagt ungdomsgruppa som eksisterte mellom 62 og 72. Den hadde så og seia 100 prosent oppslutnad blant born og unge frå 11 til 16 år som var i aktivitet året rundt, anten det var friidrett og løp, ballspel, skeiser og ski. 
I brejsen gjekk dette tospannet av eit trenarteam som fungerte som instruktørar, oppmenn, foreldrekontakt og motivatorar i ei og same. 
Det var ikkje slik den gongen at foreldre følgde borna sine på trening og kamp og stemne til alle tider. Men Asbjørn og Edmund, dei var der. 
Nokon minnast fleire turar i ein liten motorbåt til Fresvik midtvinters for å gå skeiseløp, andre hugsar den gongen i 1966, då dei skulle til Vik for å spela seriekamp i fotball og stogga på Leikanger og stilte fire (!) lag i Syrilstafetten på vegen. 
Det vart forresten ny rekord den gongen, for med Asbjørn og Edmund som lagleiarar var det solid taktikk og coaching i verdsklasse. 

ROLLEMODELL: Minne som dette er det svært mange av dei som vaks opp på Tangen på 60- og 70-talet som har. Asbjørn var der for ungdommane både som trenar, instruktør, pådrivar, reiseleiar, oppmann, materialforvaltar og var i det heile eit stort førebilete og ein mentor.

Gode stafettradisjonar hadde tangingane med seg heimefrå, for allereie i 1962 fyrte Asbjørn av startaren for den aller første Tangenstafetten, som han sjølv stod i spissen for. 
På det meste hadde 40 lag til start og samla heile bygda for å heia.

Det var kanskje spesielt skeiser og friidrett som stod hjarta hans nærast, og i tillegg til å vera trenar her heime, tok Asbjørn på seg fleire viktige verv i idrettskrinsen her i fylket. 
Han var formann for skeiseutvalet i idrettskrinsen i fleire år. Gamle avisarkiv fortel oss at han vart heidra av friidrettskrisen med ein eigen diplom for sitt mangeårige arbeid allereie så tidleg som i 1972. I same slengen tok han attval som formann i autorisasjonskomiteen. 

Men før dette skjedde hadde Asbjørn stått i spissen for det noko av det flottaste idrettsarrangementet Cuba stadion har sett, då han sommaren 1970 var stemneleiar for B-NM i friidrett. Det var det største B-NM som nokonsinne hadde vore skipa til – og det var i følgje rapportane prikkfritt gjennomført til minste detalj. 
På banketten etter stemneslutt, vart Asbjørn ropt opp og heidra og fekk ei ekstra gåve frå friidrettsforbundet. Dei meinte det var han vel unnt, han som mest truleg hadde sprunge mest av samtlege den helga…!

 

REIN UTKLASSING: Einar Stokkebø (t.v) tok gullet på 10.000 meter og Henning Rivedal vann i lengde under B-NM i friidrett på Cuba sommaren 1970. Asbjørn Moheim og staben hans utklassa samtlege i arrangement. (Foto: Sogn Dagblad)

Asbjørn hadde eit heilt særskild lag med born og unge. For mange vart han ein viktig rollemodell gjennom heile oppveksten, både som trenar og lagleiar – og som ungdomsekretær i kommunen, ei stilling han hadde i mange år. Seinare byrja Asbjørn i kommunalteknikk og fekk eit særskild ansvar for idrettsanlegga. Dermed vart det endå tydelegare kor stort eit engasjement han hadde i for idretten, for då var Asbjørn bokstaveleg talt på bana både seint og tidleg. 

Det er lett å sjå han føre seg, med riva i handa, startaren rett til vers eller bak rattet i den karakteristiske oransje lastebilen. Rett nok er løpebana på Cuba no borte, og tribuna som kom opp i 1970 er temmeleg slitt i kantane. Men grasmatta Asbjørn passa så godt på, den ligg der framleis – og den er me stolte over, for den er utan tvil ei av del flottaste fotballbanene som finst i mange mils omkrins. 

Framleis er Cuba stadion ein viktig møteplass for born og unge i alle aldrar. Fritidsparken og dekkjungelen som Asbjørn la ned mange dugnadtimar for å få på plass for 17 år sidan, innbyr til allsidig aktivitet, noko han både brende for og ofte snakka varmt om. 

DUGNAD: Sjølv om dei var komne i veteranklassen, stilte Edmund Hæreid, Harald T. Lægreid og Asbjørn Moheim gladeleg på dugnad for idrettslaget, spesielt om det kunne gagna born og unge i bygda. Her er det tunge tak i samband med bygginga av dekkjungelen i fritidsparken i 2004. Dei tok det vel som ei treningsøkt..! (Foto: Hanne Stedje)

Han hadde tydelege tankar om kva som skulle til for å aktivisera og motivera ungdommen og han kvidde seg ikkje for å seia i frå. På eit møte i idrettskrinsen i 1988 refererer Sogningen/Sogns Avis frå eit innlegg han heldt, der han tok til orde for kor viktig det var å vera allsidig. 
Han var også oppteken av utdanning, anten det var trenarar og instruktørar, funksjonærar og dommarar. 

– Idrettsklubbane er på veg til å verta reine maratonklubbane. Med det meiner eg at utøvarane manglar vesentlege ting som spenst, hurtighet og smidigheit I dag trener ein berre langkøyring på asfalt og atter asfalt. Trenarane køyrer dei unge i senk slik at dei sluttar å trena. Det er viktig med god instruksjon og i dag er det alt for mange dårlege instruktørar. Det er også viktig å gje dei unge eit allsidig rørslemønster. Det vil komma godt med i både handball og fotball, sa han. 
– Borna spring og spring. Det er ikkje uvanleg å sjå at dei først må løpet sju rundar oppvarming for så å fortsejta med fem nnye rundar. Borna mistar på den måten spensten og smidigheiten og hurtigheiten og eg lurer på kvifor ein ikkje ser linjegymnastikk lenger.

På den tida då idrettsmiljøet i Årdal var på sitt aller mest aktive tidleg på 80-talet, vart det også skipa til landskampar i friidrett, mellom anna mot USA, Sveits og Spania. I 1984 var Årdal og Jotun stadion vertskap for NM i friidrett. 
Asbjørn var suveren som stemneleiar, hadde oversikt over kvar minste detalj. Det var ikkje så reint lite som skulle vera i orden før startskotet gjekk. 
– Funksjonærar og dommarar, bygda sine eigne folk, har vore på kurs og er godt skulerte. Når det gjeld tidskjema, har det no aldri klikka før, og då får me håpa det går bra denne gongen og. Eit tidskjema bør også halda på minutten og det er viktig med stigning i programmet, det vil seia at dei beste øvingane skal komma til slutt med tanke på publikum, opplyste han til lokalavisa før start. 

Det gjekk akkurat nøyaktig slik han hadde tenkt, og Årdal og idrettsmiljøet her fekk mykje god merksemd som følgjer av arrangementet. 

Han engasjerte seg også då vikjene byrja å krangla om kvar den nye hallen deira skulle liggja. Mange meinte den burde liggja ved skulen, men Asbjørn var klinkande klar: den måtte liggja ved idrettsanlegga, altså på tomta i Øyane. Det ville vera ein stor fordel med garderobar i nærleiken og dessutan ville funksjonærar og presse få gode arbeidsforhold, peikte han på i eit debattinnlegg i avisa. 
– Eg tykkjer no det er merkeleg at ein joggetur på to minutt skal vera til hinder for at skulen skal kunne bruka hallen til gym, slo han fast, før han oppmoda kommunestyret i Vik om å tekna seg om og sjå framover i tida.


Etter kvart vart barnekulla i Årdal mindre, fleire prioriterte lagidrettar og friidrettsmiljøet kom ned i ein bølgjedal. 
Tidleg på 2000- talet vart friidrettsgruppa lagt ned, til Asbjørn si store sorg. Han la fram forslag på årsmøtet om å leggja friidretten inn under skigruppa, men nådde ikkje fram.

PÅ SIDELINJA: I tillegg til å driva med idrett, var Asbjørn naturleg nok veldig glad i å vera tilskodar. Her frå eit idrettstemne der Årdalstangen var godt representert, i alle fall på tribuna.

Likevel heldt Asbjørn og Edmund og nokre av dei eldre eldsjelene fram med å jobba for allsidig aktivitet for alle og stilte gladeleg opp i funksjonærstaben kvar gong det skulle skipast til klubbstemne, idrettsdag på skulen eller andre ting som fremja fysisk fostring.  
I 1998 vart Asbjørn kåra til Årets Tanging for all innsatsen han hadde lagt ned for ungdommen og idretten. Då var både han og Edmund Hæreid for lengst blitt æresmedlemmer i laget. 
Dei deltok også begge på 70-årsjubileet i 2009, for sjølv om dei begge for lengst hadde komme i veteranklassen, heldt engasjementet deira for idrettsglede fram. 

Dei beheldt også det gode vennskapet, som hadde strekt seg nesten sju tiår attende, heilt til det aller siste då Edmund gjekk bort desember 2019. No har nok ein bauta i Årdalstangen idrettslag stoppa klokka. Me minnast alle dei gode tidene og er djupt takksame for det makalause arbeidet dei begge har lagt ned.

VIKTIG DOKUMENTASJON: Edmund Hæreid i svært kjend positur i sekretæriatet. Det finst ikkje så mange bilete av Edmund i idrettsarkiva av den enkle årsak at det oftast var han som var fotografen. Han var truleg også den einaste i heile verda som hadde ei komplett samling av Årdalstangen idrettslag sine årsmeldingar…!

ÆRESMEDLEMMANE: Bak frå venstre: Steinar Hunshammer, Anne Kauppi, Asbjørn Moheim
Framme frå venstre: Stein Roar Moheim, Arne Harry Seim og Edmund Hæreid var sjølvskrevne gjester til 70-årsjubileet i 2009. (Foto: Hanne Stedje)

Årdalstangen idrettslag vil med dette takka for minnegåvene laget har fått i samband med Asbjørn sin bortgang. 
Fred over minnet.

Skrive av Hanne Stedje på oppmoding frå styret i Årdalstangen Idrettslag