Dugnadsliste Fjord til Fjell 2019
03/06/2019
Dunadsliste MålRock 2019 – oppdatert 7. august!
03/07/2019

Selde vinnarloddet til seg sjølv – vann splitter ny bil

NY BIL: Tonje Mikkelsen saman med dottera Emilie og bonussonen Linus, begge seks år. Ho vart den stolte nye eigaren av ein Peugot 208 under avslutninga av Fjord til fjell søndag ettermiddag. (Foto: Anne Kauppi/ÅTIL)

Tekst henta fra Hanne Stedje, Sogn Avis

Skremmande nummer vart lykketal.

666 er vel eigentleg eit litt skummelt nummer, men frå no av blir det lykketalet mitt, seier Tonje Mikkelsen (27) på Årdalstangen.

Den gjevaste prisen

Ho stakk av med den gjevaste vinsten i billotteriet til Årdalstangen idrettslag under Fjord til Fjell-avslutninga søndag ettermiddag, og kan no kalla seg ny eigar av ein Peugot 208 til ein verdi av 215.000 kroner.

– Det må vera første gong eg vinn noko som helst, utan om kanskje 50 kroner i Lotto, seier Tonje, og avslører at ho til alt overmål har selt vinnarloddet til seg sjølv.

Selde vinnarloddet sjølv

Medlemmene i Årdalstangen idrettslag står nemleg for loddsalet med eit visst tal loddbøker per gruppe. Sidan Tonje Mikkelsen har ei jente og ein bonusson som er med på barneidretten, fekk ho utlevert lodd for sal.

– Eg hadde eigentleg avtalt med mor mi at ho skulle kjøpa det loddet, men så gløymde me det, og det vart til at eg kjøpte det sjølv, er forklaringa.

Skummelt lykketal

At det var den noko djevelske talkombinasjonen 666, reagerte ho eigentleg ikkje så mykje over.

– Men det blir eit lykketal no, heilt klart, seier ho, og legg til at ho trur helst at bilen blir seld. 
Tonje og sambuar Eivind har kvart sitt barn, og har såleis bruk for ein litt større familiebil.

– I tillegg er me på jakt etter hus på Tangen, så då vil ein slik sum pengar komma veldig godt med, seier ho.

Kjærkomne kroner

Økonomileiar og loddsjef i ÅTIL, Anne Kauppi opplyser om at det vart seldt 1698 lodd i årets billotteri, noko som tyder eit overskot for Årdalstangen idrettslag på bortimot eit par hundre tusen kroner, sett vekk frå utgifter til premiar, utgifter til lodd og lotteriløyve. 

– Me har ikkje heilt oversikt enda over det nøyaktige beløpet, men uansett kor mykje det blir, blir det fordelt utatt på dei ulike gruppene. Billotteriet har vore ei viktig inntektskjelde for oss i mange, mange år og me takkar verkeleg alle som har støtta oss, seier Kauppi.

Her kan du laste ned heile trekningslista: