Dugnadsliste Målrock 2018 (OPPDATERT 01.08)
23/06/2018
Bli bøssebærar – Vil du være med på årets viktigaste søndagstur?
15/10/2018

Kongleriket miniputt på Cuba Stadion sundag 2.september!

På skuleplassen var flagget heisa til topps for å markere denne store festdagen på vår heimebane og me kunne ynskja IL Jotun, Aurland IL og Lærdal IL velkommen i herlig september temperatur!

Det fine vèret var nok ein god bidragsytar til å få mange familiemedlemmar ut denne dagen, og me merka at det var folksomt på sidelinja på dei ulike banene og i kiosken, her gjekk det unna!

Rundens hovudfokus var «Barn hjelper barn», der kvart mål som vart scora i turneringa vart belønna med 1 kr til veldedig formål. I tillegg til fleire hundrevis av mål, kunne me gje eit ekstra bidra på 820 kr etter å ha ivrige foreldre som rigga seg til med «skuddradar» der ein kunne teste fart på skuddfoten, 3 skudd mot 10,-.

Utan engasjerte føresette/familiemedlemmar som står på med rigging, rydding, kakebaking, kaffikoking og anna dugnad hadde det vore vanskelig å hatt slike arrangement: så stor takk til dykk!

Me vel og å trekke fram modige, flinke og unge dommarar som gjorde sitt for at dette alt i alt vart ein særs vellukka dag.

Fjerde og siste runde for årets Kongleriketsesong går av stabelen allereie om 3 veker, 23.september, då på Jotun stadion – me gler oss!