Retningslinjer for publisering av bilder og film av barn
09/01/2018
ÅTIL har kjøpt ny buss
18/01/2018

Symjegruppa i IL Jotun startar symjetreningane igjen måndag 15 januar. Me ynskjer at fleire byrjar å symje. No håpar me at du kan tenke deg å bli med.:)

På treningane lærer du god symjeteknikk og stup. Du blir sterk i alle musklar. Det er så og seie ingenskader, og dette er ein super idrett å kombinere med andre. Du lærer og livredning. Idretten passar til alle. Det blir alltid tid til litt fri leik på slutten av treninga.

Me har eit godt miljø, og dei som har lyst kan bli med på stemner og treningsturar. Det er fullt mogleg å bli med eit par treningar først, for å sjå om du likar det.

 

 

 

 

Treningstidene er;

For 5 og 6 klasse; måndag 16.30 – 17.30.

For 7 klasse og eldre (valfritt ei eller fleire treningar);

-mån. kl.17.30–18.30, tys. kl. 19.45–20.45, tors. kl. 16.00-17.00

Spørsmål? tlf. 41480886 (Ingeborg) Velkommen!!