Lærdal IL 80 år
24/10/2017
All fotballaktivitet i ÅTIL skal skje i regi av fotballgruppa
24/10/2017

ÅTIL har gleda av å informera om at me no har fått oss ein arrangementkomité. Denne komiteen skal styre med ÅTIL sine arrangement framover. Dei har fått eige budsjett og må rapportere til AU i ÅTIL.

Beate Bjørvik, nestleiar ÅTIL, har teke på seg å styre denne komiteen.
Eg spurde ho om kva slags tankar ho hadde framover. «Eg har allerede fått med meg tre på laget i komiteen «min».
Min visjon oppi alt detta her er at eg vil prøva å «fornye» Fjord til Fjell litt. Eg skal gjera mitt ytterste for å skape meir aktivitet og liv på torget denna helga. Eg skal satsa mykje på dei lokale godene me har her i bygda, som td. lokale talent mm. 

Eg har allerede starta med litt «intervju» av folk i bygda, der eg spør om det er noko dei sakna denna helga. I tillegg seier eg at dei må komma til meg med alle forslag, ingen forslag er dumme.
Eg kjem til å prøva å ha ein del barneaktiviteter utanom tivoliet. Me må jo behalda noko av det me alltid har hatt, som tivoli, grilling, øl telt osv. 

Eg har så masse i hovudet, at det vart ein søvnlaus natt i går. Hjerna mi e heilt vill, og eg gledar meg veldig. HÅPAR verkeleg at eg klarar å gjennomføre dette, så me kan få ei kanon bra helg. Det vil kreva mykje arbeid, så eg berre håpa eg får ein del med på laget slik at me kan få dette til.» 

Det er inga tvil om at me no har fått ein komitéleiar som brenn for å få til noko for ÅTIL og bygda vår. Som ein les so er det Fjord til Fjell ho siktar seg inn på. Det er derfor bra at ÅTIL ikkje skrinla heile konseptet, men berre varsla om å utsetja det eit år. Om komiteen har ønske om å arrangere det allereie til neste år, så er det inga umogelegheit at det skjer. Me ventar i spenning på kva komiteen kjem fram til.

Arrangementkomiteen er åpen for alle som vil bli med. Uansett kva lag og organisasjon du høyrer til så er du hjarteleg velkommen til å bli med. Dess større mangfold me får i denne komiteen, dess meir har eg tru på at komiteen får det til.

Meld dykk til Beate om di er interessert i å bidra. Ho har eiga epostadresse: nestleiar@aatil.no

ÅTIL ønsker arrangemangkomiteen med Beate i spissen lykke til!

 

  • Leiar ÅTIL –