ÅTIL har no beslutta å føra all fotballaktivitet over til fotballgruppa. Dette vart gjort i eit hovudstyremøte og blei einstemmig vedteke.
Grunnen er at barneidretten ynskjer å konsentrere seg om andre ting enn fotball halve året. Dei har erfart at fotballen tar all deira tid, og dei får ikkje sjans til å lage til andre tilbud til medlemmane våre desse månadane det er fotballsesong. Dette synes dei har vore trist, og kom derfor med ei styresak som beslutta å flytta all fotballaktivitet til fotballgruppa.
Eg limer her inn Gruppeleiar Ole Inge Moen sine ord om denne saka:
«Styret i barneidretten meinar at det er mest naturleg at fotball ligg under fotball. Dette er i samsvar med det fotballkretsen ynskjer, men hovudpoenget er at me kan driva lenger, starta før og slutta seinare. Me ynsjker å plukka opp alle dei som ikkje har interesse for fotball, og gje eit breiare tilbud ut til fleire. Og eg trur og at dei som er med på fotball og blir med på dei aktivitetane barneidretten har so sant me legg det på ulike dagar, og då har me klart og aktivisere dei enda litt meir enn det som er i dag.»
I tillegg er det viktig at alle aktivitetane ÅTIL tilbyr medlemmane sine er «klubbstyrt». Det betyr at det IKKJE er opp til kvar einskild trenar å «finna på» aktivitetar eller melda på aktivitetstilbod som kjem fra kretsar og andre, men det må ligge inne i ein plan vedteke i ÅTIL.
Spurde so Ole Inge nokre dagar seinare om det hadde våre nokre tilbakemeldingar angåande det me kom fram til. Han svara da: «Tok detta opp på møtet me hadde med føresette før 2011 kullet, og der var det mange som sette stor pris på dei grepa som er gjort no. Trur alle som ein var fornøgde med denna avgjersla som me tok . Det er som me seier, Åtil laget før alle.
Og det er nettopp det. ÅTIL laget for alle. Her har barneidretten sett at det er medlemmar som ikkje spelar fotball som da detter fra idrettslaget, og ikkje har noko tilbud desse fotballmånadane. Dei har no ilag med hovudstyret teke grep so får me håpa at me med dette skapar større engasjement og kan klara å gi eit tilbud til alle medlemmane heile året.
Så får eg sei som Ole Inge sa: Så får tida visa om nytenkingen blir ein innertiar eller fullstendig skivebom.
Eg håpar og trur at detta blir ein innertiar.