Kampar vår 2016 på Cuba stadion
11/04/2016
Byte av overtrekksklede
28/04/2016

Medlemsskap i ÅTIL

ÅTIL har fått nytt medlemssystem og betalingsløysing (starta med dette i 2015). Alle idrettslag skal bruke systemet til Norges Idrettsforbund, Min Idrett – http://minidrett.no/. Min Idrett stettar alle noverende og komande krav i forhold til handtering av medlemslister, roller i idrettslaget mm. 
Aktive utøvarar, tillitsvalgte i styre, trenarar og oppmenn, være medlem av idrettslaget. 

Utøvarane i dei ulike gruppene betalar i tillegg ei treningsavgift. Ein må altså være betalende medlem i ÅTIL, for å vere utøvar i ei idrettsgrein. Treningsavgifta vert betalt til den aktuelle gruppa/ene i tillegg. 

Innmelding, utmelding og betaling skjer i idrettsportalen Min Idrett, der du registrerar deg som bruker. ALLE må registrere seg/evt sjekke innlagt informasjon i Min Idrett uavhengig av om du har betalt kontingent/ treningsavgifter for 2015 eller ei. Jobbar med ny løysing i Buypass, slik at medlemskontigenten vert sendt ut i veke 23 eller 24

Takk for at du som medlem er tolmodig!

SLIK GJER DU:
  1. Opprett brukar. 
    Gå inn på http://minidrett.no/. Klikk på linken «Ny Bruker» og opprett ein brukarprofil per person. Medlemskapet er individuelt. Du kan seinare knytte individ saman til ein familie. 
    På e-postadressa du registrerer her, vil du motta fakturaer og informasjon fra klubben mm. Barn under 18 år, skal registrerast med føresatte si e-postadresse.
    Vær merksam på at du kan være registrert i Min Idrett allerede. Ski har brukt Min Idrett i lengre tid ved påmelding til renn. Får du beskjed om at du er registrert allerede, logg deg inn eller klikk på «Glemt Brukernavn/Passord». Har du problemer, sender du en e-post til : 
    mailto:support@idrettsforbundet.no evt tlf 03615.
  2. Søk medlemskap i ÅTIL
    Når du har oppretta deg sjølv som brukar / evt. logga inn på Min Idrett, kjem du inn i din eigen profil. Under arkfana «Medlemskap» søker du opp Årdalstangen Idrettslag. Søk så om medlemskap. Søknaden vert handsama av hovudkasserar til ÅTIL (ft Anne Kauppi, epost okonomi@aatil.no). Du får svar, når søknaden er handsama.
  3. Motta faktura på medlemskap og treningsavgifter. 
    Når du har registrert deg som medlem, vil du motta faktura på medlemskontingent i ÅTIL, og eventuelle treningsavgifter fra Min Idrett, og du kan betale via nettet. Dette vil komme til di registrerte e-postadresse.
    Medlemskontingenten gjelder for eitt kalenderår, og den vert automatisk fornya inntil utmelding. Har du allerede betalt medlemskontingent/ treningsavgift, skal du ikke motta faktura. Har du andre spørsmål, ta kontakt med oss på okonomi@aatil.no
Alle kontingentar / avgifter er individuelle.