Hei
Styret i ÅTIL vil takka alle som har våre med på dugnad i årets Fjord til Fjell og Målrock.
Alltid kjekt å arrangere noko på Årdalstangen. Under Fjord til Fjell hadde me billoddsalg, grilling, rigging, vakthold og turnoppvisning. Alt dette består av dikka medlemmar som kjem og gjere ein dugnad. Under både Fjord til Fjell og Målrock vil me gjerne få skryta litt av at me hadde eit lite fravær av dugnadspersonell. Og dette er viktig med tanke på dei som møter opp. Dersom alle møter opp so blir dugnaden enklare for alle!
Som sagt så vil styret takka alle som i år var med på dugnadane.
Dugnad genererar inntekter til ÅTIL og me er avhengig av dette dersom ein skal oppretthalde tilbudet vi har og kunne investere i nytt utstyr.
Styret vil og takka Jotun fotball for eit godt samarbeid i årets Målrock. Me takkar og organisasjonen Målrock for samarbeidet.
Takkar også Hugin for samarbeidet under årets Fjord til Fjell.
Det har våre kjekt.
Eg som leiar vil trekka fram styret og AU for ein meget god innsats på desse to arrangemanga. Det ligg mange timar i møter og førebuingar bak slike store arrangement eit lite idrettslag er med på.
Takk for årets innsats med dessa to arrangemanga alle saman!
Mvh
Hovudstyret ÅTIL
v/leiar
Roy-Andrè Bergerud