Fotballmoro i veke 25
15/06/2022
Handballmoro i Tangenhallen
12/09/2022

Medlemsskap i ÅTIL 2022

Årskontigent for 2022 er vedteke på årsmøte og sendt ut via epost og e-faktura (buypass), og prisane for året er som følgjer:

  • Familiemedlemskap kr 400,- (uansett antal i husstanden)
  • Enkeltmedlemskap kr 350,- (aktiv medlem)
  • Støttemedlemskap kr 150,-

 

Alle utøvarar, trenarar, støtteapparat og styremedlemmar må betala medlemskontigent kvart år for å delta på aktivitetar i regi av ÅTIL som trening, kampar, konkurransar, stevner, cupar og liknande.
Dette gjeld også dei som kun deltek på treningar utan konkurranse. 

Betaling av medlemsskapet er òg viktig i samband med forsikring dersom ein skulle vera uheldig å bli skada.

Me takkar alle som framleis vil vera støttemedlem, og håpar me kan få inn fleire. Pr i dag har me 980 medlemmar – klarar me å nå 1000?? 😊

Om du ikkje har fått faktura og ønskjer å støtta oss med støttemedlemsskap kr 150,-, ta kontakt med Anne Kauppi på tlf 91120643 eller Stine Fossen på tlf 91718443. Me blir veldig glad for kvar og ein som ønskjer å støtta klubben. 😊

Om du har fått faktura som inneheld feil, ta kontakt.

 

31.08.2022

Årdalstangen Idrettslag