Friidrettsstemne på Jotun stadion
02/06/2022
 Fotballmoro i veke 25
15/06/2022

Dugnadsliste MålRock 2022 – NB!! oppdatert oppmøtetider.

Da er dugnadslista klar, og som tidlegare er dei som har aktive barn sett opp til å ta eit tak under MålRock.
For at ÅTIL skal klare å halde nede kostnadane på å delta på tilbodet som vert tilbydd av idrettslaget, må me vere med på dugnadar av denne storleiken.

Viss ikkje dagen de er oppsett passar, MÅ de sjølve skaffe/ordne med ein i erstattar eller byte innbyrdes. Alle endringar MÅ meldast, og i år skal meldinga gå på epost til: styremedlem2@aatil.no

Følg med her, det kan bli endringar på oppmøtetider, og det vil bli publisert nærmare MålRockarrangementet.
Følg med på aatil.no – meldingar og endringar vert publisert her!

Berre nokre dagar att no, så brakar det laus. Dugnadskreftene er og har vore i sving lenge. No gler me oss til endeleg å oppleve festival att. Etter ein sommar med dårleg ver, ser det endeleg ut til at vergudane er med oss Målrock helga. Det har meldt godt over 20 grader, så det lovar godt for seine kveldar med god musikk!
Men kjære bygdefolk, for at denne festivalen skal bli ein realitet er me avhengig av at mange stiller opp på dugnad. Har du enno ikkje meldt deg som frivillig er det ikkje for seint. Ta kontakt med Frank Roger Eldegard, Geir Roar Vee eller Anne Kauppi så har dei heilt sikkert ei oppgåve til deg. Og premien er sjølvsagt ein kveld med god musikk og at du bidreg med eit stort samfunnsansvar for bygda vår!
Er de deltakarar på festivalen ?  Ja,  så gje ein klapp på skuldra til alle dei som stiller opp og går i gule vestar. Dei er noko av grunnen til at me endeleg kan arrangere Målrock att !! Vel møtt til festival !