Årsmøte for 2019
04/06/2020
ÅTIL Ski – treningsinformasjon
15/10/2020

Premiedryss på ÅTIL sitt årsmøte

På årsmøte som vart avholdt på Klingenberg Hotell tysdag 9. juni var det 7 personar som fekk Bragdpremie. I statuttane til ÅTIL er bragdpremie definert slik:
«Bragdpremie kan tildelast medlemmar som gjennom fleire år har utmerka seg som aktiv idrettsutøvar, i administrativt arbeid eller anna fleirårig innsats i idretten og laget si teneste. Bragdpremie, pokal med inskripsjon, kan tildelast etter vedtak i laget sitt styre»

Desse fekk bragdpremie:
Kåre Bruhaug, fotball
Eva Skjerping, turn og handball
Ann Kristin Lislelid, turn
Anders Fredheim, turn
Anja Bolstad, turn
Ivar Jevnaker, ski
Kristin Jevnaker Seim, ski

I tillegg så vart «Innsatspremie» tildelt Hanne Øren for innsatsen i barneidrettsgruppa og fotballgruppa

Me gratulerar alle med vel fortente premiar!

Også dette året overraska Barneidrettsgruppa med å dela ut at til særgrupper i ÅTIL av overskotet sitt. Handball-, turn- og skigruppa fekk kvar sine 20.000 som skal brukast på aktivitet for barn i dei respektive gruppene.
Nemner da at handballgruppa vil bruke dei på nye draktsett til bruk på minihandballturneringane, skigruppa varsla bruk til ny trakkemaskin og turn vil supplere utstyr dei allerede har.