Dugnadsliste Aosahytta 2020
14/01/2020
Resultat KM Sprint 2020
25/01/2020

Henta heim seongens aller første poeng: – Det har vore langt fra grøfti og opp

Dette er henta fra Sogn Avis, Hanne Stedje. Publisert 18.01.2020

ÅTIL-gutta har tapt åtte kampar på rad, men deppar ikkje av den grunn.

Håp om siger

Det enda i ein jamn og tett første omgang og ein litt meir heseblesande andre, men heimelaget hadde greitt grep omkampen og heilt tydeleg ingen planar om å gje slepp då dei først hadde augna håp om siger. Då dommar Per Reidar Svangstu blæs av kampen, stod det 27-21 på tavla.

– Eg er utruleg stolt i dag, det har vore langt fra grøfti og opp, seier kaptein Håkon Hollevik. Han var saman med Sondre Hovland toppskårar for heimelaget. Dei to hadde fem mål kvar

Tøffe tak

Kampen starta jamnt, slik ein reknar med at ein kamp mellom to lag i poengnaud på nederste del av tabellen gjer.
Fana tok leiinga, men ÅTIL svara umiddelbart og slik heldt dei det gåande utover i første omgang, før heimelaget byrja å dra ifrå.

Eirik Kolås sette inn 7-4-leiing, auka til åtte like etter og årdølene sørga for at den avstanden heldt seg til pause. Då stod det 12-8.

Stong-ut

Håkon Hollevik seier det har vore ein del stong-ut og vedgår at det kan gå litt trått når det blir åtte tap på rad.

– Og me har spelt ein del kampar i Bergensområdet der det ikje er noko sørleg med publikum, heller, då er det litt seigt. I dag var det utruleg kjekt å ha mykje folk på tribuna, det hjelper veldig på å ha publikum på si sida, det merka me godt, det gjer liksom ein ekstra god moral, seier han.

Dei vel 100 tilskodarane i Tangenhallen fekk sjå karane gjera ein pangstart på andreomgang og komma opp i seksmålsleiing etter snaue fire minutt.

– Me har vel hatt ein del kampar der det har vore ein god første omgang, i alle fall rundt 20 minutt og så gjerne ein liten nedtur, før ein har komme seg litt oppatt i første halvdel av andre omgang, seier leiar i ÅTIL handball, Anne Kauppi.

Lite depping

– Det er om å gjera å stå heile kampen ut. Det har eg tru på at me greier i dag, seier ho til Sogn Avis like etter pause.
Seks mål var det nærmaste Fana kom denne dagen, for utover i andre omgang var det tydeleg at gjestene ikke hadde så mykje meir å gje.
Dermed vart det naturleg nok ekstra god stemning i garderoben denne laurdagen, men det pleier det i grunnen å vera elles òg.

ÅTIL-gutta deppar nemleg lite, sjølv om det blir ein del tap. Det er ikkje berre siger og poeng det handlar om, heller.

Stolt over laget

– Det er mykje miljøet, tenkjer no eg. Me har det kjekt i lag og på laget. Og det at folk verkeleg gjerne vil bli berre og prøva å gjera ting betre. Og så det at folk ynskjer kvarandre det beste, det er det som gjer at me står på og prøver å heva oss over alt som er, eg er verkeleg stolt over heile gjengen i dag, det var veldig moro, seier kaptein Håkon.

 -Det viktgaste for oss er at me har eit lag og eit tilbod til desse karane som gjerne vil vera med. Det er det som er målet og ambisjonane. Og at dei har det kjekt og får spelt handball, sjølvsagt, legg Anne Kauppi til.

ENDELEG: Håkon Hollevik skåra fem mål i dagens kamp.

ENDELEG: Håkon Hollevik skåra fem mål i dagens kamp.