Beitostølen 2019
11/12/2019
Dugnadsliste Aosahytta 2020
14/01/2020

Me har mista ein god lagkamerat.

Det er med sorg me har motteke bodskapen om at Sigurd Refseth Hovland vart funnen død i heimen sin tysdag 3.desember. Han vart berre 19 år gamal.

Sigurd var tidleg med ÅTIL barneidrett, her spelte han knøttefotball, minihandball, turn og var med på skileik på Seimsåsen.
I barnealder vert Sigurd hugsa som ein «speloppmakar», men alltid med eit glimt i auge.
Sigurd tok ein pause fra idretten i 8-10 årsalderen, men kom attende til fotballgruppa da dei spelte lillegut. Saman med lagkameratane deltok han mellom anna på Norway cup to gonger som gutespelar.

Sigurd var ikke den mest tekniske, men det tok han igjen med innsats og full fart. Treningsvillig og godt likt av alle i gruppa.
Det er få forunt å vera godt likt av alle, og Sigurd
fekk frem smilet på mange, med kommentarar og sitt vesen, på og utanfor bana. 

 

Trenarar og lagkameratar skildrar Sigurd som ein som alltid jobba for laget.

Våre tankar går til Sigurd sin familie, og me minnest ein god ven og lagkamerat som gjekk bort alt, alt for tidleg.

Me lyser fred over Sigurd sitt minne.