SSF Cup Seimsåsen 16. mars
11/03/2019
Barneturnstevne i Måløy
06/04/2019

I går, onsdag 20. mars var det årsmøte i ÅTIL. Agendaen var tradisjonell med årsmelding, rekneskap, budsjett, val og utdeling av prisar.
Det var ingen overraskingar, men mest merksend under gjennomgangen av årsmeldinga fekk saka med basishall for turn (Årdal Turnsenter) som ÅTIL presenterte for Årdal Idrettsråd 25. oktober 2018 og har sidan ikkje høyrt noko meir fra den kanten. Under val vart det berre eitt byte. Barneidrettsgruppa får ny leiar, Linn Hege Lereng Einan, etter at Ole Inge Moen sa nei til attval.
Anja Bolstad fekk tildelt «Innsatspris» for sitt engasjement i turngruppa over fleire år. Me gratulerer Anja med velfortent pris!

Barneidretten hadde i dag ei gledeleg overrasking til fotballgruppa. Før årsmøtet formelt starta, ba dei om ordet og trakk fram ein flott sjekk som dei overrekte til Vebjørn som er leiar for fotballgruppa. Dei donerte 40 000 kroner som dei ynskjer skal vera øyremerka til innkjøp av 3v3 baner og ballar til dei aller minste.
Barneidretten har i mange år kjøpt og gjett vekk ballar til dei som har sin første sesong i fotballmiljøet, og ynskjer at dette skal halde fram. Ole Inge Moen som er avtroppande leiar og Linn Hege Lereng Einan som er påtroppande leiar i barneidretten, presiserte at det var eit einstemmig styre som ville donere desse pengane. Det er dei samme ungane som er på barneidrett og som er på fotball, så dette er berre ein glede, sa Ole Inge. Det var ein audmjuk og litt rørt leiar i fotballgruppa, Vebjørn Valaker, som takka så mykje på vegne av fotballgruppa og applausen stod «i taket» på årsmøtet.

Ole Inge Moen fekk takk av ÅTIL leiar Roy Andrè Bergerud etter fleire år som leiar av barneidrettsgruppa

Ein stolt leiar i ÅTIL fotball mottek sjekken på kr 40.000 fra påtroppande og avtroppande leiar i barneidrettsgruppa.