Aosarennet 2019 ! inkl resultat
14/02/2019
KM i troppsgymnastikk i Tangenhallen 9. og 10. mars 2019
07/03/2019

Kaja Andersen hadde med seg ÅTIL drakter til Tanzania

Heisann.

Mitt navn er Kaja Andersen.

Eg er frå Årdalstangen og har spelt både handball, fotball og turna for ÅTIL tidlegare. Akkurat no bur eg i Bergen og studera til å bli førskulelærar. I den anledning er eg i praksis i Tanzania. Me er 18 jenter som har reist nedover, der me er fordelt på 4 ulike skular. Det er mykje inntrykk og me får oppleva utrulig mykje på dei 5 vekene me er her. I forkant av turen fekk me informasjon om at me skulle besøke ein barneheim og fleire fattige landsbyer som trengte alt frå vatn til kle. Eg skreiv ein status på Facebook for å høyra om folk hadde noko dei ville bidra med og da var eg så heldig å få 4 baggar med drakter frå ÅTIL.

Me hadde mulighet for å ta med oss 46kg bagasje kvar, så eg fordelte draktene ut på dei som skulle reisa slik at eg fekk med meg alt.

Barneheimen var utruleg takknemmeleg for draktene og han som eigde barneheimen viste om eit lokalt fotball lag som trengte drakter. Dei fleste og største draktene gjekk derfor til det lokale fotball laget, medan dei minste draktene skulle dei ha på barneheimen. Eg har desverre ikkje bilde av ungane, men eg har eit av fotball laget.

Hei

ÅTIL var so heldige at dei fikk bidra med å gi nokre utdaterte drakter til andre som trengte
dei. Detta synes me er stas og at Kaja ville skrive litt om seg sjølv, formålet med turen til Tanzania, og kven so fikk draktene er jo heilt topp. Me takkar Kaja for at ho tok med seg draktene og ønskjer ho lykke til.

 

Mvh

Årdalstangen idrettslag v/ leiar Roy Andrè Bergerud