Tangen På Kanten 2018 (HMR Trippelen)
03/05/2018
Dugnadslista Fjord til Fjell 2018 er klar
25/05/2018

Grasrottrenarkurs

IL Jotun fotball ynskjer å ta ein runde til med dei 4 ulike modulane for Grasrottrenaren (den tidlegare C-lisens trenaren). Om du er ny og har nettopp byrja som trenar, eller du har lyst å friske opp att kunnskap er du hjarteleg velkomen til å melde deg på.
Me set av 2 kveldar i veke 23 (måndag 4. juni og onsdag 6. juni) til å gjennomføre Modul 1. Kvar kurskveld vil vare frå ca. 17.00 – 21.00. I forkant av kvar kurskveld vert det lagt opp til ein elektronisk læringsdel som du sjølv går gjennom i fred og ro når det passar deg. E-læringsdelen kan vere t.d. ulike oppgåver, quiz som du svarar på før kurset tek til. Dette for å stille best mogeleg førebudd, og for å korte ned tida med rein teori frå førelesar. Det er og ein e-læringsdel mellom kveld 1 og kveld 2. Du får meir informasjon om denne e-læringsbiten etter kvart.
Marius Lenni Bøe frå NFF Sogn og Fjordane er med på å planlegge og avvikle Grasrottrenarkurset. Den fyrste kvelden vert det teori, diskusjon og gruppeoppgåver. Den andre kvelden er meir praktisk retta, med oppgåver ute på feltet med spelarar frå barnefotballen som markørar.
Håpar du har lyst å vere med på dette!
Meld deg på til svw@jotun-fotball.no