Kampoppsett minihandballturnering 10.12.2017
07/12/2017
Vaktliste Aosahytta 2018
02/01/2018

Litt om året som snart er over

I 2017 beslutta me å ikkje vera hovudarrangør av Fjord til Fjell i 2018. ÅTIL kjem til å vera med, men da som deltakar og ikkje arrangør. Me veit at dette skapte litt blest i bygda, men me kunne ikkje forsvare tal dugnadstimar med inntektene me hadde. Eg personleg trur også at Fjord til Fjell vil bestå og vekse med andre som arrangørar av denne festivalen.

ÅTIL oppretta ein arrangementkomité med nestleiar Beate Bjørvik i spissen som skal jobbe vidare med ÅTIL sine arrangement og deltaking i ulike arrangement.

Me har og beslutta å flytta all fotballaktivitet over til fotballgruppa. Dette etter ynskje av barneidretten. Dei følte at fotball tok all deira tid og fikk derfor ikkje tilby alle ungar ulike aktivitetar heile året. Me håpar at me med denna avgjersla kan holda på fleire ungar heile året og tilby ein meir variert idrett for alle.

Me fikk i år eit fullverdig styre i hovudlaget, noko eg som leiar setter stor pris på. Skal me få fram meiningar og gode idear, so er me avhengig av at styret vårt har personar i alle verv. Eg vil og nemna at ikkje alle gruppestyra er fulle, så dersom ein ynskjer å vera med er det berre å ta kontakt med gruppeleiarane eller meg. Me er avhengig av at folk engasjerer seg for å klara å halda liv i vårt flotte idrettslag.

 

Ellers so jobbar me med ein fleirbrukshall/turnhall, men med denne som alt anna her i bygda så enda diskusjonen i år om kvar den skal ligge i kommunen. Me har dirfor ikkje klart å få den inn i kommunen sin økonomiplan. Alt stoppar dessverre opp pga denne diskusjonen. Me vil jobba hardt i 2018 med å få til ein slik hall i Årdal. Teikningar og budsjett er klart, så me manglar kun å bli einige med andre instansar i bygda før me kan byrja å søke midlar og sette spaden i jorda.

2017 var også det året Årdal fikk breiddeidrett som programfag på VG1 studeispesialiserande på Årdal vidaregåande skule. Me blei spurt om me kunne vera med å bidra av skulen, noko me sjølvsagt sa ja til. ÅTIL beslutta å stilla med trenarar og treningstimar til dei elevane som ynskte det. Me var så heldige å få ein elev som no er med ein trenar for rettleiing og vurdering. Eleven er Eirik Kolås, og han spelar handball på herrelaget. Alfred Holsæter er rettleiar.

Me har også beslutta å kjøpe inn ein ny buss i ÅTIL. Denne bussen skal me få på plass so fort som råd. Den bussen me har no har me store utgifter på når det gjelder reperasjonar. Den byrjar også å bli gammal og slitt, so tida er no moden for å skaffe oss ein ny. ÅTIL set tryggleik og trivsel høgt, det var nokre av grunnane til denne beslutninga.

Dette var litt om året som har gått. Det er sjølvsagt mykje meir, men eg har valgt å trekke fram nokre av dei viktigaste sakene me har hatt.

 

ÅTIL ønskjer både ris og ros fra medlemmane våres. Send gjerne dine meiningar, spørsmål eller forslag til meg. Mi mailadresse er: leiar@aatil.no

 

Årdalstangen idrettslag ønskjer alle våre medlemmar og sponsorar ei riktig GOD JUL og GODT NYTTÅR.

 

Me vil takka for året som har gått og ønskjer alle alt godt neste år.

 

Mvh

Leiar ÅTIL og hovudstyret ÅTIL.