Flaskeinnsamling
11/11/2017
Handballkampar i Tangenhallen 25. og 26. november
23/11/2017

I veke 47 blir det ny innsamling av tomgods til handballen. Har du muligheit til å gi tomgodset ditt!!

Dette skal gå til spelarutviklingstiltak og trenarutdanning.

Ny Vri

Me i ÅTIL handball føl opp suksessen frå i vår der vi fekk inn store mengder tomgods som vi har levert og fekk gode midlar til å jobbe vidare med spelarutvikling og turneringar for ungane. Det blir litt ny vri denne gongen ved at vi ikkje kjem rundt på dørane til alle, men tek imot tomgods måndag-torsdag kl 17-20 i lokalet der Årdal Sport og Tisku (Huldrebui) eingong var.
Det er eit stort apparat som må i sving for å rekke rundt til alle, seier Merete Ylvisåker som er økonomiansvarleg i handballgruppa.

Det vil sitte personar frå handballgruppa for å ta imot tomgodset, me kan henta dersom ein ikkje har transport. Då kan ein ringe og avtale med Merete Ylvisåker 476 41 879, Anne Kauppi 911 20 643 eller Harald Husabø 950 28 150.

Dette er ein viktig dugnad og inntektskjelde for handballen som gjer at vi kan halde oppe aktivitetsnivået og vere attraktive for ungane.

I mandagutgåva til Sogn Avis, har me fått inn ein artikkel, tusen takk til journalist Hanne Stedje. Denne kjem me til å legge ut her på tysdag. Bilde er henta frå denne artikkelen.

Kom og lever tomgodset ditt, da støttar du ÅTIL Handball si satsing på spelarutvikling og trenarutdanning!. Me har allereie ein landslagsutteken spelar, og vil at fleire skal gå den vegen!