Handballkampar i Tangenhallen 25. og 26. mars 2017
23/03/2017
Flott markering for G16
05/04/2017

KM i langrenns-sprint på Seimsåsen laurdag 08.04

IL Jotun og Årdalstangen IL arrangerer KM Sprint på Seimsåsen laurdag 08.04.

Det vert kretsrenn for klassane til og med 12 år, og fra og med 13 år er det kretsmeisterskap. I dei yngste klassane er det individuell start og ingen finalar. Frå og med 11 år det det finalar i tillegg til prologen.

Påmelding og invitasjon til rennet :

https://www.skiforbundet.no/sogn-og-fjordane/terminliste/arrangement/?eid=311620

I eit så stort arrangement er me avhengig av førehandspåmelding slik at startlister kan klargjerast kvelden før.

Me oppfordrar flest mogeleg av lokale arrangørar og deltakarar til å samarbeide om transporten opp på Seimsåsen – da får flest mogeleg parkert ved skihytta.

 

Vel møtt til årets store arrangement på Seimsåsen!