I samband med at sesongen for dei aller minste sparkast i gang komande tysdag (28.mars), vart det arrangert barnefotballkveld med Marius Kloster. Det er 3. året Marius deler av sin fotballkunnskap med oss. Starta med 1,5 time teori, før det vart ein god time med praksis på treningsfeltet.
Marius la vekt på at treningsøktene skulle gjerast enkelt, men med ball. Alle spelarane burde ha kvar sin ball, for å få mange ballberøringar på kvar trening. I tillegg snakka han varmt om 3`ar-fotball.
Dei frammøtte vaksne og ungar hadde ei triveleg økt, som de kan sjå på bilda under:
[Best_Wordpress_Gallery id=»7″ gal_title=»Barnefotballkveld»]