Aosarennet 2017 resultatliste
12/03/2017
Flott sesongavslutning av G10
18/03/2017

Dei vart heidra med pris for innsatsen dei legg ned på årsmøte 16. mars

Leiar i ÅTIL, Roy Andre Bergerud (t.v.), takka Kjell Kauppi og Ingunn Sandvik for arbeidet dei har lagt ned for idrettslaget opp gjennom åra. Foto: Truls Grane Sylvarnes, porten.no

Henta fra porten.no

Kjell Kauppi og Ingunn Sandvik vart begge heidra for arbeidet dei har gjort, og gjer framleis for Årdalstangen Idrettslag

Torsdag fekk dei utdelt ei merksemd som syner kor mykje idrettslaget set pris på arbeidet dei gjer for idrettslaget og har gjort opp gjennom åra.

– Ingunn var med meg å starte opp att turngruppa for mange år tilbake og er ei driftig dame og eit arbeidsjern. No gav ho seg i haust, og det var rart å starte sesongen utan ho ved mi side, seier leiar for turngruppa Line Hals Kvanli.

Det var ho som delte ut prisen til Sandvik, som opp gjennom åra alltid har stilt opp for turngruppa.

– Kanonjobb

Kauppi på si side fekk den same prisen, men for innsatsen han har lagt ned for fotballgruppa, der han no er leiar.

– Han har vore med i mange år og gjer ein kanonjobb. Det har vore nokre vanskelege stunder, men også mange bra, sa leiar i ÅTIL Roy Andre Bergerud, som takka han for innsatsen.

I tillegg til dei to over som fekk Bragdpris, fekk også Jens Herstad ein Innsatspris for jobben han gjer for å halde spelarar aktive innanfor handball. På toppen av det er han også aktiv sjølv på herrelaget.