Årsmøte i ÅTIL 16. mars 2017
03/02/2017
Kampoppsettet minihandballturnering i Aurland er klar
05/02/2017

ÅTIL fekk 1 lag vidare til sluttspel KM-futsal

ÅTIL stilte med 2 jentelag (J14 og J15) og eit gutelag (G16).

J15 spelte på laurdag (4.2.2017), medan J14 og G16 spelte på søndag (5.2.2017).

J15 kom litt til kort da storparten av laget bestod av spelarar fra J14. Her møtte dei tøff motstand fra lag som Jotun og Bjørn, men spelte jamnt mot Lærdal.

J14 laget spelte fire kampar søndag og var ubeseira med to sigrar og to uavgjort kampar. Nemner òg at laget ikkje slepte inn mål på 4 kampar! Det er rett og slett imponerande.
2003-jentene til ÅTIL er klar for sluttspelet for andre år på rad. Kampane vil forgå den første helga i mars i Trivselshagen i Sandane.

Begge lag la ned ein stor arbeidsinnsats og jobba godt saman. 

Tekst og foto: Roger Barsnes

J14 som skal vidare til sluttspel. Bak fv: Oda, Anniken og Nastasya. Framme fv: Camilla, Selina og Julie

J15 fra venstre: Malene, Nastasya, Oda, Camilla, Selina, Mathilde og Julie. Gina  og Anna var dessverre ikkje tilstades då biletet vart teke.