2 kampar for herrelaget vårt denne helga
22/01/2017
KM i langrenns-sprint på Seimsåsen laurdag 28.01 er AVLYST
27/01/2017

Bekledning ÅTIL Skigruppa

For å styrke profileringa, har ÅTIL Ski henta inn eit tilbod på skiklede hjå Tangen Sport (sjå vedlegg). Dette er identisk med tilsvarande tilbod til utøvarar i IL Jotun Ski. Styret i ÅTIL Ski ynskjer i tillegg å sponse aktive utøvarar i gruppa med kr 1000,- for ei pakkeløysing (deltek på trening og renn lokalt). Pakka inneheld overtrekk- og konkurransedress. Totalpris for dette blir då kr 1550,- pr. aktive utøvar.

Kleiven Sogn AS er sponsor på kolleksjonen.

 

Alle som er interessert i dette tilbodet tar kontakt med Tangen Sport for felles bestilling innan 07. februar. Bidraget frå Skistyret blir trekt frå ved betaling på Sporten. Alle kleda vil bli sendt til felles sponsortrykking på Skrivargarden.

 

Skiklede-AATIL-ski-nordisk

 

Helsing ÅTIL Ski