KM 2016
13/11/2016
Marita utteken til spisset gruppe
28/11/2016

Herrelaget vann i Slåtthaughallen

Utflytta Årdal, Marianne Kolås har rapportert dette fra Slåtthaughallen på sjølvaste farsdagen (henta fra http://fanail.no/handball/farsdag-i-slatthaughallen):

Farsdag i Slåtthaughallen

-Hei pappa, heia pappa, heia pappa …… Den stemninga og slike taktfaste rop fra tribuna i Slåtthaughallen er vanligvis forbeholdt 1.divisjonslaget. Men søndag 13 november var det, i tillegg til farsdag, også herrekamp i 5. divisjon mellom Fana og Årdalstangen (Åtil).

Medan Fana-spelarane hadde tilskuarar som taktfast ropte på pappa, var det på motsatt halvdel berre ein spelar som kunne kalla seg pappa. Det var målvakten, og han var i dagens kamp stand-in for den 16 år gamle son sin (som var igjen i Årdal for å spele G16 kamp samme dag).

Fana tok godt tak i kampen fra start av, dei jakta både sin første to-poengar og scoringsrekord. Dei var oppe i 6-2 ledelse før ungdommen frå Sogn begynte å vakne. Og ved halvspelt 1.omgang var stillingen 7-8 i favør gjestene. Etter dette drog ungdommen sakte med sikkert ifra dei meir etablerte, og til pause var stillinga 12-14 til Åtil.

Årdølene starta 2.omgang der dei slutta 1.omgang – og etter 5 min hadde dei auka ledelsen til 6 mål, medan Fana brukte halve 2.omgang før dei fekk inn sin 13. scoring for dagen. Det var ikkje stil over alt som gjekk føre seg på bana, men innsatsen var det ingen ting å seie på. Krampa tok nokre, medan andre fikk utvisning og av den grunn pause.

Da fløyta gikk for full tid stod det 26-19 i favør av gjestene fra Årdal. Dei kunne juble for sin første siger, medan Fana sine menn kunne notere seg for årsbeste og nok ein scoringsrekord.