Fana tok godt tak i kampen fra start av, dei jakta både sin første to-poengar og scoringsrekord. Dei var oppe i 6-2 ledelse før ungdommen frå Sogn begynte å vakne. Og ved halvspelt 1.omgang var stillingen 7-8 i favør gjestene. Etter dette drog ungdommen sakte med sikkert ifra dei meir etablerte, og til pause var stillinga 12-14 til Åtil.
Årdølene starta 2.omgang der dei slutta 1.omgang – og etter 5 min hadde dei auka ledelsen til 6 mål, medan Fana brukte halve 2.omgang før dei fekk inn sin 13. scoring for dagen. Det var ikkje stil over alt som gjekk føre seg på bana, men innsatsen var det ingen ting å seie på. Krampa tok nokre, medan andre fikk utvisning og av den grunn pause.
Da fløyta gikk for full tid stod det 26-19 i favør av gjestene fra Årdal. Dei kunne juble for sin første siger, medan Fana sine menn kunne notere seg for årsbeste og nok ein scoringsrekord.