Håkon vann bilen!
12/06/2016
Tusen takk for dugnadsinnsatsen til medlemmane i ÅTIL
22/08/2016

Snart skuleslutt og sommarferie for dei fleste, men ikkje for Årdalstangen IL og dei som har påteke seg ansvar for den store dugnaden som Målrock er.

ÅTIL er avhengig av slike store dugnader for å kunne gje kvar aktiv tilbod på samme nivå som me har klart til no. Dette gjeld både økonomisk (rimeleg treningsavgift og medlemsavgift) og aktivitet på idrettsanlegga (Seimsåsen, Tangenhallen, Tangen skule og Årdalstangen Stadion)

Målrock har gått frå å vera ein liten festival, til å bli ein stor festival over fleire dagar. Dette betyr at ÅTIL også må bidra meir. 

Difor er me avhengige av at alle våre medlemmer stiller opp, føresette til ungane me har i aktivitet og aktivitetar me har for dei vaksne (sirkeltrening, seimsåsen, zumba og aerobic/step). 

Dugnadslista vert publisert på www.aatil.no i løpet av veke 25. 

Dersom ein ikkje kan stille opp, så må ein sjølv finne erstattar eller byte innbyrdes.

Me kan ikkje ha at folk ikkje møter opp utan erstattar eller byte, da dette skaper store utfordringar for oss – og ikkje minst at da må dei som møter ta ein større byrde av arbeidsoppgåvene.

ÅTIL kan heller ikkje ta hensyn til at ungane eller føresette har arbeidsoppgåver for andre organisasjonar som òg har dugnad under Målrock. Alle som nyttar ÅTIL sine tilbod, må påberekne seg dugnad under Målrock.

Dugnadslister med mannskap AATIL og Jotun