Luftige svev og flotte resultat på første dag av KM turn
09/03/2019
SSF Cup Seimsåsen 16. mars
11/03/2019

Barneidrett veke 11

Denne veka øver me oss til helgas handballturnering, som denne gongen er på heimebane 🙂 🤾‍♀️ . Dugnadsliste for helga er lagt ut så gjer dykk kjent med kva de er sett opp på, og byt med nokon om det ikkje passar. Dugnadslista er kun laga ut frå ungar som er påmeldt turneringa, så om andre vil stilla opp med bakst eller i kiosken er det sjølvsagt berre å gje ein lyd! Det blir masse folk, så for at dette skal bli ei kjekk helg for både små og store er det viktig at me hjelper kvarandre 🙂

Me har fått fire flinke føresette til å ta livreddingskurs, så frå veke 13 vil bassenget vera ope annakvar torsdag kl 17-18 for dei som ynskjer alternativ til aktivitet i hallen/gymsalen. 🏊‍♂️ Hugs at sjølv om me no har badevakt der, skal ungane alltid ha fylgje av foreldre. 

 

 

Fylgjande føresette hjelper til slik på torsdag:

 

1. og 2.klasse kl 17.00 – 18.00:

⛾ Kjøkkenvakt 16.45-18.00: Håkon Sørhage og Nikoline Guttormsen.

🤸‍♂️Foreldrehjelp i hallen: Julie B Nyland, Noah Hatlelid, Tuva M Otterdal og Liam Seim.

 

3. og 4.klasse kl 18.00 – 19.00

⛾ Kjøkkenvakt 18.00 – 19.30: Camilla Hovland og Iga Kosmala.

🤸‍♀️Foreldrehjelp i hallen: Nadia Niedzwiecka, Mathias Lunde og Mai Otaket.

 

 

For dei minste er det som vanleg frileik i gymsalen:

0-3 år 17.00-17.45

3-6 år 17.45-18.30