Årsmøter i Årdalstangen Idrettslag
07/02/2019
Aosarennet 2019 !
14/02/2019

Barneidrett veke 7

OPPDATERING 14.02.2019: SKIGRUPPA HAR AVLYSTGRUNNA DÅRLEG VÆR OG RASFARE!

 

Fantastisk oppmøte førre veka, så det blir SKILEIK PÅ SEIMSÅSEN denne veka òg! 😊 Alle møter kl 18.00.

Skigruppa har felles økt med 1.-4.klasse kl 18-19 som sist, -meir info her:

 

 

Føresette til Ella Valaker og Linea Fimreite hjelper til på kjøkkenet så me får gode nysteikte vafler i skihytta etterpå!

 

 

 

 

 

Barneidretten held årsmøte i kantina i Tangenhallen 25.februar kl 18.00. Føresette med barn i barneidretten er velkomen, og om de har saker de ynskjer handsama på møtet må dette vera innmeldt til leiar seinast ei veke før!