På torsdag og dei to neste barneidrettskveldane blir det SKI PÅ SEIMSÅSEN! Alle møter kl 18.00. 🏂
Skigruppa tek felles økt med 1.-4.klasse kl 18-19.
For dei under skulealder: Gymsalen vil ikkje bli opna, og me håpar å sjå så mange som mogleg på Seimsåsen til leik i akebakken, eller ein skitur i løypa.
Føresette til Adam Alme og Maria Moen hjelper til på kjøkkenet så me får gode nysteikte vafler i skihytta etterpå!
Dersom nokon treng å låna skiutstyr eller treng hjelp til transport, send oss ein melding så skal me prøva å få ordna det 🙂