ÅTIL treng dommarar – vil DU vere dommar?
25/09/2017
Hovudstyre/AU er komplett
06/10/2017

Fjord til Fjell 2018 – hovudstyret si beslutning

Hovudstyret har beslutta at ÅTIL ikkje skal arrangere Fjord til Fjell i 2018.

Me finn det ikkje økonomisk ansvarleg å halde arrangementet neste år.
Me brukar mange timar med dugnad, og kan ikkje forsvara det med overskotet me sit att med.

Me vil takka dei som har våre med oss dessa åra og trekker fram Tangen Sport, Årdal Rør og Sanitær med Bademiljø, Årdal Mote og Klingenberg Hotell frå næringslivet. Dei har verkeleg gjort sitt for å få Fjord til Fjell å vere mangfoldig.

Seimsdal Ungdomslag og Årdalstangen Musikklag er også nokre me vil trekka fram. Dei har vore med og solgt diverse mat og arrangert ulike aktivitetar desse åra.

Kjelde og Klingenberg Hotell har vore tette samarbeidspartnarar under Fjord til Fjell. Takk for samarbeidet.

 

Billotteriet er noko me vil fortsette med, men me må finne ut når me skal ha det og korleis me skal gjere det.

ÅTIL er avhengig av inntekter/overskot for å kunne oppretthalde og investere i utstyr og tilbud til alle aktive i alle gruppene i idrettslaget.

Me vonar me ikkje skuffar for mange med denne beslutninga.

 

Mvh

Hovudstyret ÅTIL

Leiar Roy Bergerud