Utteken til talentsamling
23/05/2017
Billotteriet 2017 – her er vinnarane!
04/06/2017

Flott innsats og godt oppmøte på bassengdugnaden

Da er bassengdugnaden for i år over. Også i år møtte mange barn og ungdommar opp.
Dette tykkjer eg er utruleg flott, og håpar me kan halde fram med denne tradisjonen.

Me var på det meste nesten 40 frammøtte. Dessverre så var det litt for lite utstyr der til å aktivisera heile alle. Det tek me med oss som ei erfaring, og me skal ta det opp med kommunen for å unngå dette neste år.

Kaker og brus/kaffi var ein kjekk ting å ha. Me hadde til saman tre kakebrett, og alt gjekk med.

Takkar så mykje for innsatsen frå alle som møtte opp, takkar så mykje for kakene som blei baka. Er glad for at ÅTIL har så mange flinke medlemmar som stiller opp på dugnadar, og gjer ein kjempejobb med godt humør. Det er nett slik eit idrettslag må vera, spør du meg. ?

Under ser du bilder fra dugnaden:

[Best_Wordpress_Gallery id=»8″ gal_title=»Dugnad i bassenget 2017″]

Mvh

Roy Bergerud
Leiar ÅTIL
Tlf: 97162025